Fotocredit:

VER EI STEMME FOR DYRA – STEM MDG

MDG er det stortingspartiet som skaper mest merksemd om dyrevelferd. Miljøsaka handlar ikkje berre om menneske, men òg om dei andre artane rundt oss. 

2017-08-08

Vi menneske er avhengige av dyr på mange område. Medan mange av oss har kjæledyr heime, har dyr òg ein viktig funksjon i produksjon av mat og klede. Dyr er både ein ressurs vi må forvalte på smartast mogleg måte, og levande vesen med kjensler og eigne behov.

Sjølv om dyr er viktige for oss menneske, behandlar vi dei ikkje alltid på best mogleg måte. Kattungar og andre små husdyr blir kasta som søppel i ferietidene. Media rapporterer med jamne mellomrom om dyretragediar der bønder ikkje er i stand til å pleie kyr og andre nyttedyr på riktig måte. Ein politikk der maksimering av profitt går framfor solidaritet med andre levande vesen, er ein politikk MDG vil arbeide imot.

Vi trur at arbeid for eit betre miljø kviler på at folk flest er medvitne om korleis vi behandlar andre artar på etisk forsvarlege måtar. Difor vil vi ha kunnskap om dyrehelse og dyrevelferd på læreplanen i grunnskulen.

Dyreforsøk kan i mange samanhengar vera nødvendig. May-Britt og Edvard Moser vart tildelte Nobelprisen i medisin i 2014, etter å ha forska på korleis rotter orienterer seg. Denne forskinga gav verdfull kunnskap som ikkje ville vore mogleg utan å bruke dyr i forsking. Men også forsking må fylgje etiske retningsliner. MDG vil ha eit strengt regelverk for dyreforsøk, og unngå å påføre dyr unødvendig smerte, stress og angst.

MDG vil vera eit ombod for dyr på Stortinget, og setja dyrevelferd på dagsordenen. I denne stortingsperioden har Une Aina Bastholm fremja forslag om store forbetringar i norsk kyllingproduksjon. Med fleire representantar på Stortinget vil vi auke trykket på spørsmål om dyrevelferd, blant anna ved å innføre dyrepoliti i heile landet, ha strengare veterinærkontroll av norske avlsdyr, og forby pelsdyroppdrett.

Miljøpartiet Dei Grøne vil:

  • Forby pelsdyroppdrett raskast mogleg og stanse all import av produkt frå pelsdyroppdrett
  • Få på plass dyrepoliti over heile landet
  • Forby avl og import av dyrerasar som genetisk medfører store helseskader eller lidingar for dyra
  • Inkludere dyrekunnskap i naturfag og etikkundervisning i grunnskulen for å fremja innsikt i etisk behandling av tamme og ville dyr
  • Fremja alternativ til dyreforsøk og stramme inn regelverket for å hindre dyreforsøk som forårsakar smerte, stress og angst
  • Sikre levedyktige førekomstar av alle rovdyr og rovfuglar som høyrer heime i norsk natur. Ha minimum 8-10 heilnorske ynglingar av ulv
  • Vera dyras stemme på Stortinget og gjera dyrevelferd til ei hovudsak i neste stortingsperiode